Stokkar om på redningsskøytene: RS "Halfdan Grieg" forlet Måløy

BLIR FINNMARKING: RS "Halfdan Grieg" er ferdig med teneste i vårt område og skal no til Vardø.

BLIR FINNMARKING: RS "Halfdan Grieg" er ferdig med teneste i vårt område og skal no til Vardø. Foto:

Den eldre redningsskøyta "Bergen Kreds" skal overta.

DEL

MÅLØY24: Redningsselskapet gjer no omrokeringar i flåten sin. RS "Halfdan Grieg" skal setjast inn i teneste lenger nord, nærmare bestemt i Vardø.

Til erstatning kjem RS "Bergen Kreds", som til no har hatt Haugesund som base, nordover og tek over posisjonen til "Halfdan Grieg", skriv Måløy24.

Grunnen til at ein ikkje flytter Bergen Kreds direkte opp til Vardø, er at denne redningsskøyta har plastskrog, og det eignar seg dårleg så langt nord.

Bergen Kreds er bygt i 1998 og er såleis åtte år eldre enn Halfdan Grieg.

I ein kommentar til Måløy24 er ikkje mangeårig reiar, skipper og lokalpolitikar Nils Myklebust spesielt uroa, sjølv om erstatningsbåten har dårlegare slepekraft:

- For meg ser dette ut til å vere eit godt alternativ, seier Myklebust.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken