Adam vidare til finalen

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag kveld briljerte Adam Douglas i både disco og joik, og var ein av to som fekk finalebillett.

DEL

Douglas naila begge sjangrane. Men også Ida Maria og Didrik Solli-Tangen fekk mykje skryt for sine framføringar.

Adam hadde vald seg songen «Don't Stop 'Til You Get Enough» av Michael Jackson som sitt disconummer.  I denne sjangeren var Inger Lise Rypdal henta inn som ekspert.

- Det er bare eit så merkeleg fenomen at ein elskar vaksne menn som syng i falsett. Du klarte å gli deg inn i det og ein merker kor utruleg god du er. Du klarte dette! Jeg berømmer deg også for skrikene, som var heilt vidunderlege, sa Mona B. Riise.

Adam var favoritten

- Her har har du lagt lista høgt. Det er gøy å høyre deg i falsett. Litt skurr på toppen av og til, men det er vanskeleg å få til. At du hoppar til vanleg stemme er imponerande, sa Thomas Felberg.

For både Felberg og sjangerekspert Inger Lise Rypdal var Douglas kveldens favoritt i disco.

- Heilt fantastisk. Det er eit eller anna med «snerten» Michael Jackson har – det høyrast lett ut, men er vanskeleg. Du klarte det så bra! Og falsetten, å halde den så lenge, det er beundringsverdig, sa Rypdal.

(Saka held fram under bildet)

Adam Douglas sang Michael Jackson

Adam Douglas sang Michael Jackson Foto:

Klarte ikkje velge

I joik framførte Adam «Laila Stien» av Johan Anders Bær. Bær var også sjangereksperten på joik, og han var tydeleg imponert over amerikanaren. Ida Maria sang «Gula Gula» av Mari Boine, og Solli-Tangen «Daniels joik» av Jon Henrik Fjällgren.

Her fekk Douglas mykje skryt, men ingen av ekspertane i panelet klarte å velge ein favoritt i den runden. Det klarte heller ikkje sjangerekspert Johan Anders Bær.

(Saka held fram under bildet)

Adam Douglas joika med elgitar

Adam Douglas joika med elgitar Foto:

- Eg er stolt, og det han gjer er eit vanskeleg val å joike. Eg ville komme opp og joike med deg!, sa han til Douglas.

- Joik med elektrisk gitar og gitarsolo! Då begynner vi å prate. Dette var formidabelt og stort, sa Thomas Felberg.

- Eg synst det var utruleg vakkert å sjå deg sleppe sangteknikken og gjere noko heilt anna. Igjen, så utruleg fint og sterkt å høyre på. For meg verka det så ekte, sa Mona B. Riise.

Det var til slutt Douglas og Solli-Tangen som gjekk vidare til finalen. Ida Maria er no ute av Stjernekamp.

– Det råaste eg har høyrt

Dette skal han synge i finalen

Douglas skal framføre «False Alarm», som vi også såg han fremføre i andre episode då EDM stod på menyen. Den egine låta vi får høyre neste helg er «I Once Was An Honest Guy», og finalelåten blir «Try A Little Tenderness» av Otis Redding.

Kåre Magnus Bergh og Adam Douglas

Kåre Magnus Bergh og Adam Douglas Foto:

Dette var første gong det var joik som sjanger i Stjernekamp.

- Vi gler oss stort til å presentere joik i Stjernekamp. Vi trur dette blir ein flott ny sjanger som vil bidra til å løfte fram og spreie kunnskap om joik, sa prosjektredaktør for Stjernekamp i NRK, Unni Ødegaard, tidlegare i veka.

Adam Douglas (36) frå Oklahoma i USA er busett på Hadeland og gift med Kristin Solberg frå Bremanger. Han er eit multitalent og har ei stemme som spenner over fire oktavar. Han har lang erfaring frå å vere "på vegen" i USA, har fleire soloprosjekt bak seg og skriv eigne låtar. Han har tidlegare vunne ein stor sangkonkurranse i Sverige.

LES OGSÅ: Adam Douglas i semfinialen i Stjernekamp

Ser Adam stjernekamp-imponere kvar helg

Stjernekamp-Adam gruer seg til å synge opera

– Det råaste eg har høyrt 

Artikkeltags