Damene styrer supportersjappa

Ida Therese Ellingsund Redal (t.v.) og Marion Svarstad er damene som skal drive supporterbutikken. – Dette er noko som engasjerer oss, og då blir det berre kjekt, seier Ida.

Ida Therese Ellingsund Redal (t.v.) og Marion Svarstad er damene som skal drive supporterbutikken. – Dette er noko som engasjerer oss, og då blir det berre kjekt, seier Ida. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det har vore lange dagar og seine kveldar for gjengen i Stimen denne veka.

DEL

Onsdag kveld opna supporterbutikken til Florø Fotball på Idrettssenteret. Marion Svarstad og Ida Therese Ellingsund Redal er blant dei som har brukt time etter time for å få klar supporterbutikken til Florø Fotball i tide til seriestart. I tillegg er det nettopp dei to som skal drifte supporterbutikken gjennom sesongen.

– Det har blitt seine kveldar denne veka, det kan man trygt seie, humrar Ida.

Barna blir med

Både Ida og Marion er i fødselspermisjon og har med andre ord rikeleg å henge fingrane i på heimebane. Likevel legg dei ned ein betydeleg sum dugnadstimar for Stimen.

Marion Svarstad viser fram dei flett nye Stimen-solbrillene.

Marion Svarstad viser fram dei flett nye Stimen-solbrillene. Foto:

– Det er utruleg kjekt å kunne bidra. Dette er jo noko som engasjerer oss, og då blir det berre kjekt uansett. Og barna tek vi berre med oss, smiler Ida.

– Vi må jo farge stadion blå!, skyt Marion inn.

Paraply og solbriller

I supporterbutikken finn du sjølvsagt fotballdrakter, skjerf og flagg, men det er ikkje det einaste dei har på menyen:

– Vi har kaffikrus, termoskoppar, solbriller, paraplyar ... ja, vi har til og med pledd, seier Marion medan ho viser oss rundt.

Jon-Christian Grønnevik var den første til å sikre seg ny drakt i supportershoppen. Han slo pappa Jonny med eitt sekund.

Jon-Christian Grønnevik var den første til å sikre seg ny drakt i supportershoppen. Han slo pappa Jonny med eitt sekund.

Du har kanskje også sett dei heimehekla luene som det står Florø Fotball på? Vil du sikre deg ei slik, må du i følge Marion raska på:

– Luene som Bente Bjerk har laga har vi berre to igjen av, faktisk. Dei blei rive vekk då vi hadde stand på Amfisenteret på laurdag, smiler Marion.

No held butikken ope alle dagane fram til seriestart.

– Folk må jo få tid til å sikre seg drakt før kampen på søndag, avsluttar dei.

Artikkeltags