Stimen inviterer til oktoberfest

Supportergruppa Stimen leia av John Håvard E. Strømsnes her med Fredrik Helland og Andreas Grøneng

Supportergruppa Stimen leia av John Håvard E. Strømsnes her med Fredrik Helland og Andreas Grøneng Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det blir liveshow med P3-profilar, fotballquiz, ministimen-treff og musikk.

DEL

28. oktober vil Stimen markere avslutninga på årets heimesesong med arrangement både for store og små.

På dagtid blir det eige opplegg for Mini-Stimen i Florø sentrum, med konkurransar og moro for dei minste. Og om kvelden blir det show, quiz og musikk på Kysten bar. 

– Tete Lindbom og Sven Bisgaard Sundet, som står bak programmet "Heia fotball" på P3, kjem til Florø for å ta tempen på fotballbyen. Dei skal ha eit show med fokus på Florø fotball. Dei har reist land og strand rundt i samband med fotballprogrammet sitt, og vil  melllom anna analysere florølaget, fortel Fredrik Helland, nestleiar i supporterklubben Stimen.

Fotballquiz

– Dei kjem også til å få med seg litt lokale folk som kan bistå dei på scena. Det blir intervju, fortellingar og mykje moro, seier Helland.

Etter showet vert det fotballquiz spesial, i regi av quizmaster og Stimen-leiar Jon Håvard Strømsnes..

- Her skal vi avdekke kven som har følgt best med denne sesongen. Opplysningar som kven som har flest gule kort og slikt er bra å ha med seg her, røper Stimen-nestleiaren.

For å delta på quizen treng ein ikkje nokon spesiell påmelding, det er berre å kjøpe billett til arrangementet og møte opp.

Som avslutning på kvelden vert det konsert med Jan Kjetil Klubben og partybandet Skjeggi.

- Her blir det allsang og god stemning, rett og slett. Never change a winning team! Vi trur dette blir veldig bra, det står litt av kvart på programmet denne kvelden, seier Helland.

Billettane vert lagt ut i løpet av helga.

Siste heimekamp

Laurdag 28. oktober er også siste heimekampen for sesongen. Den går allereie klokka 12 på dagen, søndag.

- Så då er jo spørsmålet om ein skal gå heim å legge seg laurdag i det heile. Kanskje ein skal gå rett på stadion og heie på laget? Uansett, det blir spennande å sjå kor på tabellen Florø ligg då, seier Helland.

Han fortel at Stimen er nøgde med klubbaktiviteten så langt i sesongen.

– Vi merkar engasjementet, mange vil vere med, og det er veldig kjekt. Vi får også mange gode tilbakemeldingar på aktiviteten på stadion, også frå besøkande. Så det er utruleg kjekt.

Stimen har hatt bra aktivitetsninå, med supportertreff framfor kampane, fleire konsertarrangement og ulike happenings, og bortekampturar.

Nye sprell neste sesong

– Dette blir avslutninga på årets sesong heime. Så vil vi bruke vinteren på å planlegge kva vi skal gjere til neste år. Det blir nye sprekk sesongen 2018, lovar nestleiaren.

Per i dag har Stimen 350 medlemmer.

– Det er vi veldig glad for. Då vi starta supporterklubben i vinter, planla vi med 50 medlemmer. Du kan trygt seie at vi har nådd målet. Vi merkar at mange ønsker å støtte opp om oss, og vi har medlemmer frå andre stader i fylket også, ikkje berre Florø. Mellom anna har vi medlemmer frå ulike delar av Nordfjord, forte Helland.

LES OGSÅ: Suksess med open dag

Stimen samla inn 45.000 på få timar 

- Han bør gå til Barcelona eller Real Madrid, eller så har vi eit kjempeproblem

Hyller Stimen etter cup-exit

Fotballen kan bli god butikk for mange 

Artikkeltags