Smittetrenden er igjen stigande her i landet, melder VG. Trenden er stigande i 38 kommunar, mellom dei Trondheim, som sette døgnrekord tysdag.

Sidan 19. november har trenden vore søkkande eller flat, før han no altså stig igjen, skriv avisa. Det siste døgnet er det registrert 431 koronasmitta, 100 fleire enn same dag førre veke.

Direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet stadfestar overfor NTB at tala bekymrar.

– Ja, det er noko av grunnen til at vi er så opptekne av å komme i gang med vaksinasjonen så fort som mogleg. Vi ser at vi har ein kurve som liknar på den mange land i Europa har hatt dei siste vekene. Vi har hatt ein auke, så ein klar nedgang, og så ein avflating førre veke og veka før, seier ho.

Frykta for meir smitte aukar i samband med jula, med mange som kjem heim, også frå andre land. I tillegg kjem uvissa rundt nye mutasjonar.

Kommunane med flest smittetilfelle dei siste 14 dagane er framleis hovudsakleg Oslo og kommunar i Viken, men også Trondheim, Skien, Lillehammer og Bergen peikar seg ut. I Trondheim vart det måndag registrert rekordmange smitta med 44.

I Oslo vart det registrert 94 smitta siste døgn. Same dag førre veke vart det registrert 50 smittetilfelle, men smittetalet er stabilt i forhold til vekesnittet.

(©NPK)