På kontoret hans herskar det ordning og reda – det er lite som avslørar at han i desse dagar er i ferd med rydde seg ut og lukke kontordøra bak seg for siste gong – det er blitt november når vi snakkar med han. Det er fleire månader sidan eg først var i kontakt med han, men då skorta det på tida for den nyblivne 70-åringen: – Eg har ikkje tid på lenge endå, eg er i full sving. Vi snakkast neste månad!

Det var i august. No, omsider, har han tid til å snakke med meg. Eg tenker det kan vere like greitt å starte med byrjinga.

– Om eg seier 23. juni 1977 – kva seier du då?

Nei, det hugsar han slett ikkje. Først når eg fortel at det då stod nokre få linjer på trykk i Firdaposten om at Stig Nybø hadde avlagt sin juridiske embetseksamen på denne datoen, hugsar han det. Han hugsar også kvifor den første jobben hans blei ei konsulentstilling hos rådmannen i Kristiansund.

– Eg var til tre intervju – eitt i Vegvesenet her, eitt i nokre skattegreier i Molde, og så det i Kristiansund. Og eg fekk alle tre jobbane. Men i Kristiansund spurde dei om eg tok jobben, dersom eg fekk den – noko eg forsikra at eg ville! Dermed var eg fortapt, humrar han.

Dei fleste var jo kjekke når dei forklarte seg!

Stig Nybø

Der blei han og kona Grethe i to og eit halvt år. Etter kvart måtte dei ut av huset dei hadde leigd seg.

– Så byrja vi å sjå etter leilegheit, men då fekk kona litt panikk, ho hadde ikkje tenkt å bu i Kristiansund resten av livet.

Dermed blei han dommarfullmektig i Førde. Og den unge fullmektigen gjorde sitt beste for å halde tritt med forventningane til han.

– Eg var jo fersk. Men der blei ein kasta inn i det, og måtte berre skilje mellom rett og gale. Men eg syntest det var vanskeleg.

– Kva var det du syntest var vanskeleg?

– Fakta. Kva som hadde skjedd. Det var litt forskjellige framstillingar, seier han og let lite smil flagre forbi:

– Dei fleste var jo kjekke når dei forklarte seg!

I hovudforhandlingane sat den unge fullmektigen der og såg på dei andre, følgde nøye med. Ein del kunne han jo trass alt, og når det gjaldt rettskjelder fanst det rikeleg med bokstaveleg tala tung teori å leite seg fram i. Og domssamlingar. Og store, tunge bøker. Bla seg fram til den rette sida. Skrive av det ein trong. Mykje – og plasskrevjande – arbeid.

No rettar Nybø seg kvikt opp i stolen, dreg den inn til bordet.

– Sjå her, seier han livleg, og tastar kjapt inn orda «promille», «vegtrafikk», «betinget» – og vips, sit han med 1.741 resultat frå Lovdata på skjermen. Dei imponerande rekkene med bokryggar er reduserte til dyre og solide dekorasjonar. Tidene har i sanning endra seg.

Frå Førde-tidahugsar han ein gammal advokat som brukte den verkeleg gamle metoden; skreiv på skrivemaskin med blåpapir og stempla kopien med «rett kopi» – sjølv om det for lengst var kopimaskiner tilgjengelege. Ein advokat frå bergenskanten syntest dette var for gale og bad om å få fotokopierte papir i staden, takk. Men enden på visa vart at når «rett kopi» var godt nok for retten i Sunnfjord, fekk det også vere godt nok for advokaten frå byen ...

Eg er ordentleg! Men ikkje så ordentleg.

I juli 1982 opna Stig Nybø advokatkontor saman med Walter Høivik. Dei to gjekk på jusstudiet saman og spelte på same studentfotballag. Då kan ein kanskje tenke at det var eit langsiktig mål som endeleg vart nådd – eigen advokatpraksis i heimbyen. Men nei, hevdar Nybø, for han har tilfella rådd yrkesmessig.

– Eg misunner dei som har hatt eit mål. For dei fleste av oss er det vel slik at det fell på plass litt etter kvart. Når ein studerer juss og byrjar som dommarfullmektig, så innsnevrar det sjølvsagt moglegheitene ein del. Her var det anten å bli politiadvokat, eller vanleg. Men som politiadvokat eller dommar passar eg ikkje.

– Kvifor ikkje det?

No følger fleire tilløp til forklaringar. Og eit par uttrykkelege forbod mot å sitere dei. Til slutt seier han:

– Eg orkar ikkje å vere så ordentleg. Eg er ordentleg! Men ikkje ordentleg.

Til dømes set han sildegarn om vinteren, og han er slettes ikkje sikker på om det er lovleg.

–Ein gong eg drog garnet rett før jul, så hadde det rota seg ein oppdrettslaks inn i. Då ser han Sigurd, sonen min, på meg og seier: «No er jula redda, pappa!» hugsar han med ein latter.

– Kor mykje tid har jobben teke opp gjennom åra?

– Eg kan seie deg at hadde eg ikkje hatt ei slik kone som eg har, hadde eg ikkje sete her. Du kan jo tenke deg – å sitte og førebu saker til to og tre om natta i vekevis. Ferie har eg sjeldan hatt meir enn 14 dagar samanhengande – utan at det har vore eit problem. Men det har alltid vore noko som har dukka opp. Det prøver eg å seie til damene her – at når folk ringer, må vi reagere med ein gong, strekar han under, men legg til at sjølvsagt finst dei som har venta for lenge likevel.

Og damene her, det er Bente Hermansen og Malin Skorpen Østvik, som begge har hatt fullmektig-tida si hos Stig Nybø, og som no delar lokala i Byporten med han og Jørn-Lasse Refsnes.

Det er verre når du sit på politistasjonen og veit at det skjer rett borti gata.

Han meiner elles at vi lever meir og meir i eit slags «filialsamfunn» her ute på kysten, av det som i berre nokre dagar til skal vere Sogn og Fjordane. Når eg ber om eit utdjuping kontrar han:

– Kvar blir avisa di trykt? Kvar sit administrasjonen? Firdaposten er jo ein filial. Og politiet, dei sit i Bergen. Akkurat det der synest eg er rart. På kort tid denne hausten og vinteren hadde vi to tilfelle her i byen der politiet burde ha komme, etter mitt skjønn. Men når dei sit i Bergen, blir det slik. «Det kan no ikkje vere så alvorleg der oppe. Har vi meir kaffi?» illustrerer han.

– Det er verre når du sit på politistasjonen og veit at det skjer rett borti gata. Vi ser, både du og eg, at der er enorme effektivitetsgevinstar i det merkantile. Ein treng ikkje eit lønningskontor på kvart nes.

Sjølv trong han ikkje å oppsøke Nav fysisk då han søkte om alderspensjon i sommar.

– Då gjekk eg på nett og tasta inn nokre opplysningar. Det tok fem-ti minuttar. Og femten sekund etter fekk eg fekk opp kva eg fekk i pensjon, og når. Det er effektivt, og det er sikkert slik med politiet òg, men ein mister heile nærleiken.

Han kallar den såkalla «nærpolitireforma» tull.

– Eller iallfall fungerer den ikkje så langt som eg kan begripe det.

Då han var dommarfullmektig på starten av 1980-talet, reiste dei rundt og dømde i tilståingssaker i Bremanger, Kalvåg, Svelgen.

– Det var opplese og vedteke, det, at vi skulle reise rundt. Det var det same med straffesaker, når det var hovudforhandlingar. Vi sat i Florø, omtrent fast kvar måndag – og vi hadde også vigslar. Det var forresten det verste – for dei kom jo med forventningar, seier han og ristar litt på hovudet.

Han syntest det var ei påkjenning å skulle ha ei slik rolle i andre menneske sitt liv.

– Eg likte det ikkje.

Den kommande pensjonisten innrømmer gladeleg at halve jobben hans har vore å preike med folk. Og det likar han! I ein slik grad at han gjerne sit altfor lenge.

– Ofte hamnar vi utanfor tema, det er like kjekt! seier han med eit smil og ein tone som gjer at du umiddelbart trur han på det.

Eg angrar ikkje.

Viss du ikkje trivst med å vere i lag med folk, er eit arbeid som advokat vanskeleg. Men når vi fiskar etter gode historier, blir han ukarakteristisk knapp.

– Du veit, vi er breiddfulle av gode historier, men vi kan ikkje dele dei, for det er så lett å komme feil ut. Om eg breier meg ut om ei sak til deg, kan det vere at nokon føler at eg trakkar på dei.

Til 2012, altså i 30 år, varte kontorfellesskapet med Walter Høivik.

– Det gjekk veldig greitt, det. Vi har ikkje vore omgangsvenner, men vi snakkast alltid hyggeleg når vi møtast, samanfattar han.

Som advokat i ein småby går ein rundt med mykje kunnskap om sine bysbarn, som ein må halde for seg sjølv. Eg lurar på om det til tider kan kjennast einsamt.

– Nei. Men det har nok litt med eins eige lynne å gjere.

Ville han ha valt den same utdanninga ein gong til? Det veit han ikkje, for det er jo så mykje kjekt ein kan gjere.

– Men eg angrar ikkje. Det som har vore det verste, er presset ein heile tida har på seg. Ein har heile tida ugjorte ting. Og ting ein burde gjort litt annleis. Ein gjer vurderingar og gir råd, og det er ikkje alltid dei treff hundre prosent. Då tenker ein at ein kunne gått grundigare ned i materien, og så vidare. Men det går jo ei grense for alt. Sjå på Nav-saka no med alle dei som har fått urettmessige dommar fordi dei har teke imot stønadar medan dei var i utlandet – dei advokatar og dommarar som har vore borti dette har sleppt det forbi. Med andre ord har dei ikkje vurdert grundig nok i desse sakene. Men eg er heilt sikker på at eg hadde gjort det same som alle dei andre. Når det står i lova at det ikkje er lov å ta med seg ei yting til utlandet, så står det der. Kven tenker på dei fire friheiter i EU?

Det var som han sa, karen; når mottaket blir hardare enn skotet, då er det er det på tide å gi seg!

Fram til for eit par-tre år sidan spelte Nybø old boys-fotball. Men då var det nok.

– Det var som han sa, karen; når mottaket blir hardare enn skotet, då er det er det på tide å gi seg! slår han fast med eit glis.

No er han medlem i noko han kallar Kvart på sju-Klubben. Den kan, trass namnet, sjå ut til å ha som formål å sluse han inn i eit lågare tempo, noko som også ser ut til å fungere utmerka:

– Då står eg opp og tek på idrettskle og joggesko, får bandet på gutungen sin hund og så er det å gå over Storåsen og tilbake igjen. Så er det ein lenger frukost og ein dusj – og då er jo klokka 11! Men eg får litt kjeft, kona synest eg brukar for lang tid.

Og moglegvis har det glidd litt ut, det med kvart på sju – han skal jo ikkje på arbeid.

– Men eg har vore i dag! erklærer han høyrbart kry, noko han også innrømmer at han er.

– Ja. Eg skryt til alle, for då er eg nøydd å gå i morgon òg!

Ein annan form for rekreasjon som har vore, og er, viktig for han og kona, er sjøen.

– Vi er fødde med ein fot i båten og ein i bilen her ute. Eg har alltid hatt tilgang på båt – heilt fram til den brann opp. Det var eit helvete.

Eg ser framover med skrekkblanda fryd!

Det var ein søndag i mai. Nybø hadde kjøpt polish og diverse for å ta båten utvendig og gjekk og kvidde seg til å byrje innvendig. Han høgtrykksspylte, samstundes som han starta motoren og let den gå på tomgang. Etter eit par timar var han ferdig, gjekk gjennom båten og opna det som var av vindauge og luker. Deretter skrudde han på defrosteren og tok med seg høgtrykksspylaren heim.

– Etter omtrent ti minuttar såg eg at det velta røyk ut. Eg sprang ned i slippers. Det brann i styrehuset. Eg tenker at det må ha vore defrosteren, for det var einaste endringa eg gjorde. Elles ville eg merka røyklukt medan eg var der, seier Nybø, som kallar det eit guds under at ikkje bua ved sidan av også brann opp.

Seglbåt brann ut og sokk ved kai

Opplevinga sette spor. Nokre dagar etter sat han ute i finvêret og drakk kaffi. Plutseleg kjende han røyklukt, og i same augeblikk kjende han korleis sveitten kom.

– Det var naboane som grilla, seier han med eit tørt grin.

Han har ikkje kjøpt seg ny båt, men driv og «ser på».

– Det er kjekt å vere i marknaden. Eg har for så vidt sett meg ut ein, men kona er nyoperert, så eg kan ikkje reise og hente den no.

Det var ei deprimerande oppleving å få første pensjon inn på konto, synest han. No held han på å runde av praksisen, men det tek si tid.

– Eg kan ikkje vere her meir enn to timar, då går parkeringa ut, seier han og løftar tommelen i retning Jens Helmers plass.

Heilt slutt på arbeidslivet er det likevel ikkje. Han har framleis ein styreplass i Rekefjord Stone. Det starta med at to sveitsarar kom inn på kontoret hans og ville stifte akseselskapet Norwegian Sandstone Export for å starte steinuttak i Seljestokken. Til slutt vart det selt, og ein av dei, Heinz Hertig, kjøpte steinuttaket i Rekefjord i staden.

– Eg sa det til han – eg kan ingenting om marknaden i Europa, og ingenting om steinknuseverk, så eg skjønar det viss du vil skifte meg ut. Men eg synest det er kjekt å vere med. Og dei synest kanskje det er greitt å ha ein advokat i styret.

Dei førtito åra som ligg bak han som yrkesaktiv advokat har gått fort, synest han. No ventar eit anna liv. Rolegare, kanskje. Frå no av skal det handle om familien. Om hus, båt og bil. Dei enkle og nære tinga.

– Eg ser framover med skrekkblanda fryd! seier Stig Nybø.

Glimtet i auget avslører at fryden dominerer.