Det blæs kraftig vind på kysten torsdag morgon.
Norled har allereie kansellert anløp i Smørhamn på sørgåande rute frå Selje, på grunn av dårleg vêr.
Rederiet varslar også at nordgåande rute frå Bergen stansar i Florø kl. 11.30, og vil ikkje gå vidare. Dermed går stoppestadene Smørhamn, Leirgulen, Måløy og Selje ut. Båten returnerer til Bergen på ettermiddagen i høve vanleg ruteplan.
Nordfjordruta er også om lag 30 minutt forsinka til Bergen grunna vêret, melder Norled.
Fjord1 melder at vêret også påverkar rute 1181 Kystvegekspressen Måløy - Florø i Florabassenget.
Avgangen til Smørhamn kl 11.20 blir kansellert grunna dårleg vêr. Anløpet i Smørhamn kl 08.57 torsdag morgon vart også kansellert.
Også helikoptertrafikken til Nordsjøen er påverka. Helikopteret til/frå Petrojarl Knarr er kansellert, og avgangar til Snorre A, B og Transocean er forsinka, ifølge Heliport.no.
Men Widerøe sine fly til og frå Florø går som normalt.
Fjordenes Tidende melder at Måløybrua har vore stengt i lengre periodar på grunn av kraftig vind, og at det har blæse opp i orkan styrke på kysten.