På fire år har talet på gonger politiet har måtta ty til væpning i møte med alvorleg psykisk sjuke meir enn dobla seg.
I 2016 greip politiet til våpen totalt 1.333 gonger i møte med alvorleg psykisk sjuke – i alt 3,6 prosent av slike oppdrag politiet hadde det året. Fem år seinare vart det gitt ordre om væpning i alt 2.864 gonger for tilsvarande oppdrag, ein oppgang til 5,4 prosent i slike saker.
I ei pressemelding måndag skriv Politidirektoratet at gjerningspersonar med mistanke om eller symptom på psykisk sjukdom blir knytt til ein betydeleg del drap og drapsforsøk sidan 2016.
– Valden som blir utøvd av personar med alvorlege psykiske lidingar, blir beskrivne som grovare enn tidlegare, seier beredskapsdirektør Tone Vangen i Politidirektoratet.
Ho seier valden rammar tilfeldige personar i det offentlege rommet og personar i den nære omgangskrinsen til gjerningspersonane. Faktorar som rusmisbruk, samlivsproblem eller arbeidsløyse i kombinasjon med psykiske lidingar kan auke faren for vald.
Dei siste fem åra har talet på politioppdrag etter koden om psykiatri og bistand til helsevesenet auka frå 37.130 til 53.219 saker.
Det er likevel ikkje ei uttømmande oversikt på grunn av måten politiet må registrere valdshendingar på. Derfor finst det inga nasjonal oversikt over samanhengen mellom psykisk sjukdom og valdslovbrot som drap og drapsforsøk.
– Politidistrikta og samarbeidspartnarar har derfor analysert dette og gjort ei kvalitativ vurdering, som igjen gjer at vi har god fagleg forankring for å melde om ein auke, seier Vangen.
(©NPK)