Gå til sidens hovedinnhold

Stengt over Magnhildskaret

Tunnelproblem stengde Magnhildskartunnelen i morgontimane torsdag. No er vegen open att, melder vegtrafikksentralen.

Torsdag morgon kom du deg ikkje over Maghnildskaret på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen.

Grunnen var at det bleimeldt ein teknisk feil inne i sjølve tunnelen.

– Tunnelen er gått i autostenging, og vi har problem med ventilasjonen, seier Tor Evensen, trafikkoperatør i Statens vegvesen til avisa Firda.

Ein elektrikar skal vere på veg til tunnelen for å utbetre feilen, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

OPPDATERING: Rundt klokka halv åtte melder Vegtrafikksentralen at tunnelen no er opna att.

Kommentarer til denne saken