Vegtrafikksentralen Vest melder fredag kveld at Fylkesveg 61 ved Dombestein i Bremanger er stengt.

Det er overhengande fare for ras som er årsak til stenginga av fylkesvegen, som går mellom Ålfoten og Davik.

Geologar skal gjere ei ny vurdering av situasjonen laurdag, i dagslys.