Gå til sidens hovedinnhold

Stenger veg i Svelgen

Artikkelen er over 1 år gammel

SVELGEN: Vestland fylkeskommune melder om stenging av Strandvegen i samband med bygginga av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 614.

Som eit ledd i dette arbeidet i Breivika, må entreprenøren Contexo AS grave over avkøyrsla til Strandvegen i aust, vegen som går ned til småbåtkaia i Svelgen.

Les også

Sjå korleis gangvegen til Svelgen kan bli

Rør og kablar skal ned i grunnen som ein del av vegbygginga på strekninga, og det vil vere arbeid i dette området heilt fram til sommaren. Frå 14. april og vel to veker fram, vil vegen vere heilt stengd, deretter blir det kortare stengingar.

Det vil ikkje vere tilkomst til småbåtkaia med bil i denne perioden. Dei som skal flytte båtar eller tyngre utstyr til eller frå kaiområdet må nytte høvet før 14. april.

Den vestre delen av Strandvegen som går gjennom industriområdet til Steinvik Rensefisk er stengd med bom og port. Ved behov vil utrykkingsetatane; politi, ambulanse, brann og kommunale tenester, kunne opne bommen for å komme til eigedomane i Strandvegen, men privatpersonar vil ikkje kunne nytte dette som tilkomstveg.

Kommentarer til denne saken