Fylkesveg 614 vert stengd for tyngre køyretøy ved Breivika i Svelgen, frå onsdag 12. januar kl. 1830 til kl. 0600 dagen etter.

Bakgrunnen for stenginga er at ei vass- og avløpsleidning skal gravast ned i vegen. I denne perioden blir det ikkje passering for køyretøy over 3,5 tonn. Rutegåande bussar og utrykkingskøyretøy kan passere.

Leidningsarbeidet vert utført i samband med bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Breivika og Svelgen, der fornying av vatn- og avløpssystemet er ein del av prosjektet.