Stenger alle vidaregåande skular

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars.

DEL

* Saka vert oppdatert, trykk F5

Dette gjeld i første omgang frå fredag 13. mars og i to veker framover. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde opp den faglege progresjonen til elevane. Men for å få til dette, må alle elevane ta med seg alle skulebøker og eventuell PC heim. Skulen vil halde open fram til 20.00 for elevar som skal hente utstyret sitt. Det blir lagt ut sjølvstudium i alle fag for fredag, og frå og med måndag 16. blir det fjernundervisning.

Då Firdaposten var innom Flora vidaregåande skule, sat rektor Knut Chr. Clausen i krisestab. Han ønskte ikkje kommentere stenginga ytterlegare, og viser til at all kommunikasjon skal gå gjennom fylkesrådmannen.

– Vi stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

Elevane vil framleis få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halde oppe.

Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning. Alle tilsette møter på skulane som vanleg.

Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.

Løpande vurdering om barneskulane

Ordførar Ola Teigen seier til Firdaposten at Kinn kommune fortløpande vurderer om dei må stenge sine skular og barnehagar.

– Det er ikkje teke standpunkt førebels, men det er ei løpande vurdering. Statsministeren har varsla pressemkonferanse, så det er grunn til å tru at det kjem noko frå sentralt hald, seier Teigen til Firdaposten.

– Vi har snakka om det. Men per no er det framleis ikkje påvist smittetilfelle i Kinn kommune, og ut ifrå det er det ingen grunn til å stenge barnehagar og skular. Her kan det sjølvsagt skje endringar frå time til time.

Det skal vere eit nytt møte mellom kommuneleiinga og kommuneoverlegen klokka 13 i dag, og eit fredag morgon.

– Det er ein krevjande situasjon vi er i no, og det er mykje som blir snudd opp-ned. Når det gjeld drifta av Kinn kommune, så er vi godt rusta på videokommunikasjon om det blir mindre reiseaktivitet framover, seier ordføraren.

OPPDATERING: Klokka 12.30 torsdag melder NTB at alle landets skular og barnehagar vil bli stengte: Stenger skular og barnehagar

Universitetet sender heim elevane

All undervisning som krev fysisk frammøte, blir stansa ved Universitetet i Bergen. Dei nær 18.000 studentane blir sende heim med direkte verknad.

Dette gjeld til etter påske, opplyser Universitetet i Bergen (UiB) til NPK.

Studentar skal ikkje opphalde seg på campus, og mellom anna alle kurs og konferansar blir avlyste. I emne der det lèt seg gjere, vil det føregå digital undervisning.

Alle tilsette blir òg oppmoda til å jobbe heimanfrå.

– Vi ønskjer å ta samfunnsansvar i denne krevjande situasjonen. Dette er ein nasjonal dugnad for oss alle, seier prorektor Margareth Hagen.

Artikkeltags