Eit steinskred skal ha gått på Riksveg 5, melder Vegtrafikksentralen Vest via Twitter.
Skredet har ført steinar ut i vegbana mellom Førde og Naustdal, i Skredvika.
Entreprenørar skal vere på veg til rasstaden.
Ifølgje Firda skal det vere passasje for trafikk.
Oppdatering: Klokka 19 melder entreprenøren at dei ikkje fann steinar i vegen på rasstaden, og at forbipasserande truleg har rydda vegen, skriv Firda.