Kvart over ni måndag morgon melder politiet om eit steinras ved Grov.

Politiet er på staden, og entreprenør er på veg.

Ingen skal vere skadd, eller tekne av raset, melder Vest politidistrikt.

Kvart på ti melder politiet at entreprenør er på staden for å fjerne steinane frå vegbana.

Trafikkoperatør Jon Andreas Omdal seier til Firda at ein må ha hjullastar for å fjerne steinane, på grunn av storleiken og vekta på desse.

Raset har gått ved Grov, rundt 100 meter frå avkøyrselen til fv. 614. Vegen til Førde og Eikefjord er stengt, men ein kan køyre mellom Florø og Svelgen, seier Omdal.

Det er førebels uvisst kor lenge vegen vert stengt.

Vegtrafikksentralen melder at det vil bli manuell dirigering i eitt felt frå om lag klokka 10.15.

Oppdatert kl. 10.30: Det skal no vere manuell dirigering på plassen, og mogleg å passere.

Oppdatert klokka 15.30: Vegen er no open for fri ferdsel