FIRDA: Klokka 15.45 torsdag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen at det har gått eit ras på fv. 616 i Bremanger, melllom Skatestraumtunnelen og Berleporten. Det skal vere steinar og tre som har komme ned i vegbana.

Vegen er stengt og entreprenør er på veg.

Kjelder Firda snakkar med på staden seier at det ikkje skjer noko før i alle fall etter klokka 16.30. Ifølge Statens vegvesen skal vegen vere rydda seinast klokka 19.40.

Trafikken på austsida av rasstaden blir beden om å stå på rasteplassen ved Hunsgår. Kor stor raset er, er uvisst. Det ligg tre-fire store tre i vegen og ein del torv, får Firda opplyst.

Entrepenør kom til staden klokka 17.00. Klokka 17.35 opna vegen att.