Steinhovden-elevar har laga mobbefilm

Artikkelen er over 5 år gammel

- Vi trur filmen har gitt elevane verdifull kunnskap om det å vere annleis, seier rektor Monique Eide.

DEL

I samband med 20-årsjubileumet for skulehuset i Steinhovden 9. april, ønska dei tilsette ved Steinhovden skule og barnehage å gjere noko spesielt. 

- Sidan vi i år har hatt fokus på skulemiljøet tenkte vi at det ville passe med ein film om nettopp det. Oppgåva til elevane vart å lage ein anti-mobbefilm, fortel rektor Monique Eide.

Fokus på miljø

Lærarane på Steinhovden skule og barnehage starta på vidareutdanning i klasseleiing i januar 2014 og skal ta eksamen no i mai. Dei har jobba mykje med struktur og relasjonar, og skuleåret 2014-2015 har dei hatt hovudfokus på skulemiljøet, fortel Eide.

- Vi har jobba mykje med kva eit godt skulemiljø er, korleis vi skal vere med kvarandre, og vi øver på å vere snille med kvarandre. Elevane har etter kvart blitt meir bevisste på korleis dei sjølve er med på å påverke miljøet, men det er utfordringar vi må jobbe med heile tida, seier Eide.

Eit tiltak skulen har sett i verk er å ha faddergrupper som gjer kjekke ting i lag. Gruppene les i lag, ser filmar og gjer ulike aktivitetar i gymsalen.

Elevane laga historia

- Det siste prosjektet vårt er at desse gruppene har laga film. Gruppene laga kvar sine utkast til manus. Heile skulen las så samla alle forslaga, og elevane valte det beste manuset og jobba så vidare med det, fortel rektoren.

 I prosessen hjalp lærarane noko med å binde saman historia og sjå til at alle gruppene fekk sette sine avtrykk på filmen, men det var heile tida elevane som dreiv historia vidare. Elevane laga replikkane og.

Den lokale filmfotografen Espen Nyttingnes har stått for filminga, og han har også gjort nokre knep med filmdramaturgien.

- Det har vore ein god prosess der elevane har fått kjenne på kroppen andre roller enn dei har til vanleg. Vi trur filmen har gitt verdifull kunnskap om annleisheit til elevane på Steinhovden skule.  Vi håpar at den kan føre til refleksjon hos andre som ser filmen og, seier Eide.

Les meir:

20 års-jubileum for "hjartet" i Steinhovden

Artikkeltags