Høydalane vil til Steinhovden

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Småbarnsforeldra i Høydalane vil ha ungane sine på skulen i Steinhovden.Og det heller enn til Stavang eller Eikefjord. Dette er ein av faktafeila folket i Steinhovden vil peike på i rapporten til Norconsult.

– Eg arbeidde på fiskeanlegget. Då passa det fint å levere ungane i barnehagen her. No ser eg kor godt dei trivst. Eg vil ikkje ha gutane mine i nokon annan skule, seier Frode Valberg frå Høydalane.

For sambygdingen Håkon Furelid som arbeider i Florø er leveringa i barnehagen i Steinhovden ein omveg. Men den gode omtalen til skulen gjer utslaget til at han no vil ha alle sine tre barn på skulen i Steinhovden. Og så legg han til:

– Det er ikkje så altfor mykje Flora kommune bidreg med i bygdene. For oss i Høydalane dreier det seg stort sett om eit gatelys - som av og til lyser,

Tilflyttarane rosar skulen og bygdene i området

– Folk i Steinhovden er veldig flinke til å få folk til å kjenne seg velkomne. Då vi flytta hit kom folk på døra med kake, fortel Veronika Isaksen som opphavleg kjem frå Molde,

– Vi vart tekne veldig godt imot. Her er det fantastisk, roleg og stille og godt samhald. Eit godt miljø for ungane våre å vekse opp i, prisar Stian Østhus Pedersen. Han kjem frå Kalvåg, men har og budd i Svelgen og i Florø.

Artikkeltags