Steinhovden-elevar blir forfattarar

Elevane ved Steinhovden skule skal lage bok om skulehistoria i distriktet. Arkivfoto.

Elevane ved Steinhovden skule skal lage bok om skulehistoria i distriktet. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

SkulehistorieDersom du gjekk på skule i ei av bygdene rundt eller i Høydalsfjorden og har ei god historie på lager om skuletida di, bør du ta turen til Steinhovden skule torsdag kveld.

Lærarar og elevar på Steinhovden skule har nemleg ambisjonar om å lage bok med skule-historie(r) frå området.

- No har vi nett avslutta den årlege leseaksjonen som skal motivere elevane til å bli glade i å bøker og det å lese. No vil vi ta barna med vidare inn i bøkene sitt univers ved å la dei vere med på å skriveog illustrere ei bok med artige historier frå bygdene rundt her, seier rektor Synnøve Herstad ved skulen.

Tanken er elevane skal få fordjupe seg i kva som har skjedd i nærmiljøet sitt opp gjennom tidene, samstundes som dei får inngåande kunnskap om kva som skal til for å skrive ei bok.

- Vi andre får gleda av dei gode historiene, og det at dei no kan bli tekne vare på for framtida, seier rektoren.

Prosjektet vert starta opp med torsdagens forteljarkafè på Steinhovden skule, der ein får besøk av forfattaren Rolf Losnegård.

- Her inviterer vi folk til å kome for å fortelje historier frå si eiga skuletid, eller kanskje noko dei har fått fortalt frå foreldre eller besteforeldre. Ei klassisk historie er til dømes geitebukken som stonga inn vindauget i gamleskulen fordi han såg sitt eige speilbilde. Andre har kanskje noko å fortelje om dei unge lærarinnene som starta yrkeskarriera si i ei veglaus bygd ved Høydalsfjorden, fortel Herstad.

I tillegg til dei gode historiene er ein også interessert i gamle bilder som kan brukast som illustrasjonar til boka.

På torsdagens kafé blir det, i tillegg til forteljarkunst og gode historier, også underhaldning med song, musikk og dans frå elevane. I kafeen vert det sal av kaker og kaffi for å skaffe inntekter til boka.

- Vi håpar at mange kjem med ei god forteljing på lur, eller berre for å lytte til alt det spennande som har gått føre seg på skulane våre opp igjennom tidene! inviterer rektor.

Artikkeltags