– Det siste er at politiet er på staden og har sperra av vegen. Det er snakk om større steinblokker som har falle ned i vegen og dekker begge køyrefelt, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.

Klokka 08.30 er vegen framleis stengd.

Det har kome stein i vegbana rett ved inngangen til Nordalstunnelen, på austside. På Florø-sida har det danna seg bilkø.

Det har kome ned ein god del stein, ifølge Vegtrafikksentralen vest, og det kjem mykje vatn ned fjellsida som gjer at det kan vere fare for at det vil rase meir.

Entreprenør er på staden med mannskap og utstyr, men vil ikkje starte på oppryddingsarbeidet før dei får klarsignal, og det har lysna litt.

Det har tidlegare vore sagt at det skal gjerast ei ny vurdering på om vegen kan opne klokka 09.00, men på lokalradioen melder NRK no at det vil bli gjort ei ny vurdering klokka 12.00. Ein geolog må undersøke staden først.

Det er ikkje meldt om at nokon er tekne av raset.

Oppdatering: Klokka 12 meldast det at vegen no er open, men med manuell dirigering på staden.

Oppdatering: Klokka 14.15 melder vegtrafikksentralen at det no er fri ferdsel på vegen igjen.