Er det ammoniakk som er framtidas drivstoff for skipsfarten? Det trur folka bak Amon Maritime. No har dei gått saman med to andre aktørar om å skape eit reint nullutsleppsreiarlag som skal tilby skipstransport langs kysten av Norge, og på kontinentet. Viridis Bulk Carriers er namnet på reiarlaget, og sentralt i prosessen står Steinar Frøyen Kostål som enn så lenge bur i Florø.

Kostøl har siden desember i fjor jobbet for Amon Maritime fra kontor på Peak i Florø og er samtidig utleid til Ocean Hyway Cluster der han jobber som prosjektutvikler. Vi tok turen innom for ein prat, og det blir fort tydeleg at sivilingeniøren ikkje er innfødt florøværing.

Kortversjonen

– Det stemmer det. Eg kjem frå Sandnes, og er inngifta til Florø. Eg møtte kona då vi studerte i Bergen, og fordi ho er herifrå, og eg fekk jobb i Fjord1 tilbake i 2017 så bur vi i Florø. Men no er vi på jakt etter ein plass å bu i Sandefjord. Vi flyttar dit i juli, forklarar Kostøl.

Steinar har erfaring frå Rolls-Royce Bergen (Bergen Engines) og Rolls-Royce Marine, før han altså fekk jobb i Fjord1 i Florø. Her jobba han med elektrifiseringa av ferjene, og jobbe også med hydrogen. Då var vegen over til Ocean Hyway Cluster og skipsdesignselskapet Multi Maritime, der han har jobba i om lag eitt år. No går vegen vidare.

– Det er ein spennande jobb. Det er mykje kompetanse relatert til det grøne skiftet, og då kanskje særleg hydrogen og batteridrift av skip, i Florø og i Sogn og Fjordane. Hydrogen vil ha ein rolle å spele i det grøne skiftet, men eg forstod etter kvart at ammoniakk vil vere ein betre løysing for dei største havgående skipa. Gjennom jobben i Ocean Hyway Cluster jobba eg med prosjekt knytt til bruk av ammoniakk som drivstoff på skip, og slik blei eg kjent med André Risholm og Amon Maritime. Vi blei etter hvert einige om at eg skulle gå over dit, fortel Kostøl.

– Det er kortversjonen, legg han til med eit smil.

Ammoniakk er framtida

Amon Maritime blei etablert i 2019. Dei er spesialistar på prosjektutvikling av utsleppsfrie skip, med fokus på ammoniakk som drivstoff. Gjennom Viridis Bulk Carriers jobbar dei saman med Arena Ocean Hyway Cluster for å vidareutvikle prosjektet «FlexBulk – Ammonia power»

Prosjektet er også støtta økonomisk av Noregs forskingsråd sin grøn plattform.

Målet er å legge grunnlaget for ein serie nybygg av utsleppsfrie fraktefartøy, og ambisiøse selskap som fraktar bulk blir oppmoda om å melde seg på innovasjonsprosjektet. Målet er å vere i drift frå 2024.

Men kvifor ammoniakk?

– Skal vi få til eit grønt skifte i skipsfarten må framtidas skip vere minst like gode som dagens skip. Med ammoniakk som drivstoff kan vi utvikle skip som er kostnadseffektive og robuste, med rekkevidd som er god nok til at ein har like god seglingsfleksibilitet som i dag. Våre skip vil kunne segle meir enn 3.000 nautiske mil mellom kvar bunkring, forklarar Kostøl.

Vanskeleg val

Ifølge ekspertane er ammoniakk overlegent på energitettleik, og Steinar Kostøl og samarbeidspartnarane hans ser på det som det mest lovande karbonfrie drivstoffet for framtidas skip. Om dei lykkast i å bygge opp Amon Maritime og Viridis Bulk Carrier vil det vere bra for miljøet, og klimaet i verda. Det er dette Steinar Kostøl no tek med seg familien til Sandefjord for å vere ein del av.

– Kva tenker familien om å flytte til Vestfold og Sandefjord?

– Vi har sjølvsagt snakka om det, og tatt valet saman. Det er ikkje noko eg har pressa gjennom på eiga hand. Dette var ein moglegheit som dukka opp. Men vi måtte tenke godt over det. Det kjedelege er å flytte frå familie og venner. Vi har hatt det utruleg bra her i Florø, med spennande jobbar og gode fritidsaktivitetar for ungane. Men det å få til noko frå Sandefjord. Å bygge opp selskapet. Det hadde eg lyst til å vere med på. Og Sandefjord er ein fin by, er det ikkje solkysten dei kallar det der nede?

At dei kallar det for solkysten kan vi stadfeste. Vi ønsker Steinar Frøyen Kostøl og familien lykke til.

Du kan lese meir om Amon Maritime og Viridis Bulk Carrier i Sandefjords Blad om du har eit +Alt-abonnement.