Klokka 06.16 melder Vegtrafikksentralen Vest om at det har gått eit steinras på Riksveg 5.

Fleire store steinar har kome ned i vegbana, og den største skal vere på rundt 500 kilo.

Ifølgje Vegtrafikksentralen skal oppryddingsmannskap vere på veg, og dei vil vere framme på rasstaden rundt klokka halv sju. Ingen bilar skal vere treft av steinane.

Ifølgje Firda skal det vere mogleg å passere på rasstaden.

Klokka 06.45 melder Vegtrafikksentralen at vegen skal vere rydda.