Steinar Karlsen har ikkje lege på latsida det siste året. I august kom plata "Tog til Sunnfjord", hans tredje soloplate, og no, berre to månader etter, er han klar med albumet "Tur". Som om ikkje det er nok, kjem Good Time Charlie med ny barneplate i neste månad - "Jubel og Skrubbsår".

Først tur, så tog

- Det er den som kjem no, "Tur", som vart spelt inn først. Det gjorde eg i fjor haust, og då vart det litt overskotsmateriale som eg ville jobbe meir med, og då spelte eg inn heime det som vart "Tog til Sunnfjord".

- Men titlane verkar å henge saman?

- Det er litt same tema; "Tur"-plata er inspirert av plassar eg har vore på, medan "Tog til Sunnfjord" er inspirert av ein tur som ikkje finst.

- Kva slags stader er det som har gitt deg inspirasjon, då?

- Jau, til dømes har eg køyrt mykje austover på Riksveg 7 over Hardangervidda på veg til spelejobbar. Ein veg må få ein låt. Så då blei det den. Og så har eg ein som heiter "Dromedar". Den er inspirert av eit besøk i Egypt, då eg såg ein trist dromedar som stod der og måtte jobbe, fortel Karlsen.

Åleine på scenen

Plata til Good Time Charlie vart spelt inn i sommar.

- Ja, det har vorte mange turar i studio det siste året. Eg kjenner at når eg kjem litt i gang med å skrive og spele inn, så går det lettare å gjere fleire prosjekt - ein kjem litt inn i ein tralt. Det eg gjorde i fjor haust, har eg teke med meg inn i dei andre prosjekta. Men eg er ikkje sikker på om eg skal gjere dette kvart år, altså.

På platene har han med seg band, men på Blomsterhagen i kveld er han åleine. Det gler han seg til.

- Eg er jo nesten på heimebane, så det blir veldig kjekt, smiler eikefjordingen.