Steinar Svardal er truleg den privatbilisten som køyrer strekninga Stavang-Florø tur-retur flest gongar i løpet av eit år. Nokre gongar blir det fleire gongar dagleg frå heimen i Stavang til jobben på Sjøkanten Fisk og Delikatesse på Amfi Florø.

– Er har no opplevd litt av kvart langs etter vegen opp gjennom åra. Og det var jo ei bra "kveite" som fall ned natt til søndag, ja, fortel han og viser til steinspranget politiet melde om.

Det var like på sørsida av Osstrupen bru at steinspranget gjekk, og Svardal måtte sjølv ut av bilen på søndagen og plukke mykje småstein.

– Det er nok vatnet som har komme ovanfrå dei siste vekene og kulda som har sprengt ut "kveisen". Det er ikkje uvanleg at det fell ned stein i dette vegpartiet. Eg har som sagt plukka mykje småstein på ei strekke på kring 100 meter langs vegen her opp gjennom åra, fortel han.

Fjellsida like på sørsida av brua kunne nok vore ein idé å reinske, meiner Svardal. Men han er ikkje redd for å køyre forbi, sjølv om han no seier at han vil bli meir observant når han køyrer strekninga.

– Det blir jo ei vane etter kvart. Eg har vel passert dette partiet nokre tusen gongar sidan eg flytta til Stavang. Og det er 14 år sidan.