Fylkesveg 615 er no stengt på grunn av steinraset ved Hope.

Det var Statens vegvesen som melde dette rett før klokka 11.00 måndag. Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Morten Hansen opplyser til Firda at entreprenør er på veg til staden saman med byggherre i Statens vegvesen.

– Det skal ha kome ned ein stein på om lag eit tonn, seier Hansen.

Vegen er stengt og det er ikkje mogleg å passere på staden, opplyser han.