Gjorde stas på kundane sine

Mange tok turen laurdag, både fastbuande og hytteeigarar.

Mange tok turen laurdag, både fastbuande og hytteeigarar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Laurdag 21. oktober var datoen for årets nasjonale «Handle lokalt»-kampanje, og i Stavang gjorde butikken stas på kundane som sikrar at butikken eksisterer.

DEL

Årets "Handle lokalt"-kampanje vart markert over heile landet laurdag 21. oktober.

På Stavang landhandel varta butikkpersonalet opp med gratis kakebord og drikke til kundane sine, noko som vart sett stor pris på.

- Her var godt oppmøte, både av hyttefolk og bygdefolk, som kosa seg med gode kaker, fortel Hildur Sørdal.

Ho er dagleg leiar av nærbutikken i Stavang, og driv butikken saman med søstera si Anne Horne.

- Det som er så fint med slike hendingar, er at folk tek seg tida til å sette seg ned og slå av ein prat. Og blir gjerne kjent med nokon dei elles berre ser rundt i butikken eller i nærmiljøet, seier Sørdal.

Kjære kundar. De er vår hjartestein, som skapar ringeffekt for alt som er rundt oss og som vi alle har så kjært.

Stavang landhandel

- Butikken er jo ein samlingsplass i bygdene, og det prøver vi å bygge vidare på, fortel ho.

I butikken deira er det difor faste tysdagstreff.

- Her samlast heimeværande til kaffi og wienerbrød, for å prate og le. Det kan vere både dei som er i barselpermisjon, eller pensjonistar, fortel Sørdal.

Dei har også arrangert strikkekafé på kveldstid, for å skape fleire sosiale møteplassar.

I samband med arrangementet laurdag skreiv dei eit brev til kundane sine:

Våre kjære kundar, de er vår HJARTESTEIN

Laurdag 21.10 går HANDLE LOKALT-kampanjen av stabelen igjen. Då har Nærbutikken Stavang Landhandel lyst å gjere litt stas på våre kundar, fordi utan dykk hadde vi ikkje hatt butikk. Det at de brukar oss, trur vi er med på å halde liv i bygdene rundt oss.


Dei siste åra har mange busett seg i området, noko som igjen held liv i barnehage og skule. Då blir det óg meir liv i bygdelaga, Saniteten, 4H, trimgrupper, tysdagstreffet m.m, meir liv og røre på kveld og helg. Noko som igjen skapar lys i husa rundt oss, som vi trur er betryggande for dei eldre som enno bur heime, at dei veit dei kan få tak i nokon viss det er noko og at nokon følgjer med om ein ikkje har vore på butikken eller henta posten sin på ei stund.
 

Ringeffekten. De er vår hjartestein som skapar ringeffekt for alt som er rundt oss og som vi alle har så kjært. Bygda vår, skulen, barnehagen, lysa i husa, liv, latter og glede.
 

Så kom laurdag 21.10.17,  små som store, til ei enkel servering med litt kaker, kaffi og saft, og på den måten kan vi seie takk for at de brukar Nærbutikken Stavang Landhandel og handlar lokalt.

Handle lokalt

Det er sjette året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handelslekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Oppslutninga om «Handle lokalt» har auka for kvart år. I fjor var det 375 butikkar som markerte Handle lokalt-dagen. I år var det 380 påmeldte butikkar som slo eit slag for handel på lokale butikkar.

Mange tok turen til nærbutikken laurdag.

Mange tok turen til nærbutikken laurdag. Foto:

Mange flotte kaker på kakebordet laurdag.

Mange flotte kaker på kakebordet laurdag. Foto:

Butikken var pynta med ballongar for høvet.

Butikken var pynta med ballongar for høvet. Foto:

Artikkeltags