– Vi skal lage til årets siste festival, Stavang City Event, og då må vi slå litt på stortromma, seier Steinar Svardal til firda.no.
Det seier Steinar Svardal, som fortel at det er tre familiar som saman er arrangørar for konserten som finn stad i Stavang.
Han og ein gjeng har gått saman om å få hardingen til å spele i bygda.
– Sjølv er eg veldig fan av Lothepus. Han er ein fantastisk figur som lagar liv og røre, og som ikkje er så nøye med ting. Eg har jobba lenge med å få han hit.
- Slapp av, vi har telt
Etter Lothepus har gått av scena skal det lokale bandet Romklang spele til dans. Fram til laurdag vil det bli jobba med å rigge opp telt og lage til festivalområdet. No håpar Svardal vêrgudane også vil spele på lag.
– Vi har jo festivaltelt, såleis er det ingen fare, men vi veit jo at ein slik fest er mykje betre når vêret er bra.
Konserten blir i eit telt på parkeringsplassen ved nærbutikken.
– Vi begynte onsdag med å sette opp det eine teltet, og torsdag kjem teltet med scena på plass, seier Svardal.
Håpar å gå i null
Til no har dei selt ca. 380 billettar til festivalen, som der ein også kan kjøpe billett inkludert middag i grendehuset.
– Vi er veldig fornøgd med billettsalet. Vi var litt bekymra for kor mange som ville komme, men om det kjem 400 er vi veldig glad. Då vil vi truleg ha klart å dekke inn det meste av utgifter, seier Svardal.
Og det er ikkje berre lokale som har sikra seg billett.
– Eg har vore inne og smugkikka, og det kjem folk frå nesten heile fylket. Alt frå Svelgen til Bygstad, Jølster og Byrkjelo. Det blir mykje folk, seier Svardal og trur at dette blir ein kjempefest.