«Statsraaden» skal segle jorda rundt

SNART PÅ LANGTUR: «Statsraad Lemkuhl» er komne langt i planlegginga av seglasen som vil ta barken jorda rundt på 18 månader. Her ser du den 85 meter lange stålbarken, bygt i 1914, på eit florøbesøk.

SNART PÅ LANGTUR: «Statsraad Lemkuhl» er komne langt i planlegginga av seglasen som vil ta barken jorda rundt på 18 månader. Her ser du den 85 meter lange stålbarken, bygt i 1914, på eit florøbesøk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bergens stoltheit set segl i september 2021 for den lengste turen i skuta si historie.

DEL

I september 2021 kastar den tremastra stålbarken «Statsraad Lemkuhl» loss og set kursen ut i Atlanterhavet. Då ventar ein 18 månaders seglas, før skipet etter planen skal vere tilbake i Bergen i april 2023.

– Det er den lengste seglasen i barken si 105 år lange historie, ifølgje Statsraaden sine heimesider.

Seglasen skal forutan å vere ei stor oppleving for dei som er med, ha fleire andre mål: I kvar hamn skal dei vere ein flytande ambassadør for havnasjonen Norge, og samtidig setje søkjelys på miljø og klima. I løpet av 2019 vil skuta få installert batteri og blir dermed eit hybridskip; det mest miljøvenlege i verda i si klasse.

Seglasen går først over Atlanterhavet til Tenerife, vidare til Karibia og Cuba. Det blir stopp i New York, Rio, Buenos Aires. Det skal seglast rundt Kapp Horn og andre plassar som skal beøkast er Salomo-øyane, Fiji, ein kryssar det Indiske Hav, gjer strandhogg i Manilla, Seychellene, og i Cape Town. Derfrå startar heimseglasen, og skuta vil garantert bli teken mot med stor festivitas når ho sig inn på hamna i Vågen ein gong i april 2023.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken