Statsministeren hasteinnkallar til pressekonferanse klokka 14

Av

Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) kallar inn til pressekonferanse klokka 14. Tema for konferansen blir koronasituasjonen og reiser.

DEL

Folkehelseinstituttet har allereie varsla at dei seks landa Island, Malta, Nederland, Polen, Kypros og Færøyane blir raude. Dette gjeld òg fleire område i Sverige og Danmark, som Värmland og Midt-Jylland.

Men dette må vedtakast av regjeringa før landa faktisk «skifter farge».

Pressekonferansen kjem etter dagar med stigande smittetal fleire stader i landet, og fadderfestar der smittevernreglar ikkje har vorte følgde i fleire byar.

Også helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet skal delta på pressekonferansen.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken