Dyrare barnehage og kulturtilbod

Av

Regjeringa skrur opp prisane på barnehage, og aukar momsen på kulturtilbod og reiseliv.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Torsdag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2018, og mange av framlegga har påverknad på privatøkonomien til folk flest.

Slik råkar det deg:

Ektepar der den eine forsørger den andre, blir dei store taparane i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa vil fjerne skatteklasse 2, som gir høgare personfradrag og gunstigare beskatning for ektepar der den eine parten har låg eller ingen inntekt.

Inntektsskatten vert redusert frå 24 til 23 prosent. Det betyr i snitt 400 kroner i skattelette for dei som tener 750.000 til ein million kroner, mens dei med millioninntekt og meir i snitt får 1.700 kroner mindre i skatt.

Eigedomsskatten består, men regjeringa vil innskrenke kommunane sin moglegheit til å innføre eller auke den. Samstundes vert det innført skatt på korttidsutleige av bustad, som vil ramme dei som har kasta seg på Airbnb-bølga.

Høgare moms: Pengane du eventuelt sparer på skatt, kan fort forsvinne i høgare moms.  Regjeringa vil auke den lågaste momssatsen, den såkalla "moroskatten", frå 10 til 12 prosent. Det betyr at kino, buss, drosje, museum,billettar til idrettsarrangement og hotellovernatting blir dyrare.

- Eit sjokk for næringa

Regjeringa føreslår i neste års statsbudsjett å auke reiselivsmomsen frå åtte til ti prosent. Det vil råke hotella, camping, skiheisar, fornøyelsesparkar og transport.

– Momsauken kjem som eit sjokk for reiselivsnæringa. Det var ikkje ein del av skatteforliket på Stortinget våren 2016, og bedriftene har stolt på at regjeringa, i motsetning til kva opposisjonen har varsla, vil senke skattane for næringslivet, ikkje auke dei, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ho seier momsasuken i praksis vil føre til dyrare hotellrom, som igjen vil svekke norsk reiseliv si konkurranseevne.

– Her straffar regjeringa ei næring som har skapt arbeidsplassar, og som allereie har pressa lønsemd. Dette vil råke bedriftseigarar og arbeidsplassar i distriktene hardast. Momsauken er uventa og trist, seier ho.

Kutt i dagpengar

Regjeringa føreslår også kutt i dagpengane og den økonomiske støtta til einslege forsørgarar: Regjeringa føreslår å stramme inn reglane for dagpengar, ved at det heretter ikkje skal vere mogleg å samle opp inntjening over tre år. Dermed må ein ha tent minst 1 G (93.634 kroner) i løpet av det siste året for å kvalifisere for arbeidsledigheitstrygd.

Regjeringa vil også kutte i støtta til einslege forsørgarar med 13 prosent.

(Saken held fram under bildet)

Lavinntektsfamilier blir taperne, mens aksjeeierne blir vinnerne i statsbudsjettet som statsminister Erna Solberg og finansminister Siv jensen la fram torsdag.

Andre endringar:

Barnehage: Regjeringa føreslår å auke maksprisen for ein barnehageplass med 110 kroner per månad til 2.910 kroner frå 1. januar 2018.

Pendlarar: Misser frådraget på 205 kroner per dag viss dei kan lage mat i bustaden.

Alkoholavgift: Er føreslått auka med 1,6 prosent. Ei flaske vin går dermed opp med omtrent ei krone, og ein liter brennevin med nesten fem kroner. Totalt har avgifta på ein vinflaske i Norge no passert 70 kroner.

Også røyk, snus og godteri blir dyrare etter avgiftsauke på mellom 1,5 og 1,9 prosent.

Legebesøk: Eigendelen går opp med 1,8 prosent.

Dyrare straum: Elavgiften øker til 16,58 prosent per kilowatt.

NRK-lisensen: Øker med 55 kroner til 2.922,70 kroner i 2018.

Drivstoffavgift: Ingen endringar, men avgifta blir prisjustert.

Kontantstøtta: Blir ikkje prisjustert og blir dermed ståande på inntil 7.500 kroner i månaden for barn mellom eitt og to år.

Elbilar: Regjeringa vil innføre eingongsavgift på elbilar over to tonn. Ein tung Tesla kan dermed koste 70.000 meir, mens lettare elbilar får ei avgift ned mot 7.000 kroner. Det blir også dyrare å ha elbil som firmabil. Men andre insentiv for elbilar, som gratis bompassering, held fram.

Aksjerabatt:

Vinnerne i statsbudsjettet er aksjespararar med høg formue. Regjeringa legg opp til at aksjeeigarar berre skal måtte betale formuesskatt for 80 prosent av aksjenes reelle verdi. Det betyr ein skatterabatt på 20 prosent for dei som er i posisjon til å betale formuesskatt. Regjeringa meiner ein slik «aksjerabatt» vil få fleire til å spare i aksjer heller enn i bustad, og slik bidra til vekst i økonomien.

Denne «gåvepakka» har ein prislapp på rundt 765 millionar kroner.

FAKTA OM STATSBUDSJETTET

  • I forslaget til statsbudsjett for 2018 foreslår regjeringen å bruke 1.325,2 milliarder kroner.
  • Bruken av oljepenger øker reelt med 6 milliarder kroner og utgjør 231,1 milliarder kroner i 2018.
  • Oljefondet ventes å ha en verdi på 8.465 milliarder kroner ved utgangen av 2018 – en økning på 6,1 fra dagens verdi (12. oktober 2017).
  • Regjeringens forslag inneholder nye skatte- og avgiftslettelser i 2018 på om lag 3 milliarder kroner. 0,7 milliarder kroner får virkning i 2018, mens resten av lettelsene først vil få virkning i 2019.
  • Regjeringen er avhengig av støtte fra Venstre og KrF for å få budsjettet gjennom i Stortinget. De fire borgerlige partiene vil starte sine budsjettforhandlinger i begynnelsen av november.
  • (Kilder: Finansdepartementet)

Artikkeltags