Siste domsord sagt i kraftlinjestriden i Ålfoten

420 kV - linja går parallelt med andre linjer.

420 kV - linja går parallelt med andre linjer. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

420 kV-linja gjennom Myklebustdalen er bygd, og Høgsterett har no slått endeleg fast at tiltaket er lovleg.

DEL

I sommar avviste Gulating lagmannsrett grunneigarane si anke av tingrettsdommen om å tillate bygging av kraftlinja gjennom naturreservatet i Sørdalen. Høgsterett har no avvist anken, melder nettstaden Europower.

Linja er allereie sett i drift som del av sambandet Ørskog på Møre til Fardal i Sogn.

Grunneigarane sin advokat vedgår at saka er endeleg tapt.

LES SAK:

– Høgesterett sitt ankeutval har nekta å fremje anken. Då blir den ikkje realitetsbehandla. Då blir dommen i Gulating lagmannsrett rettskraftig, seier grunneigarane sin advokat, Bjørn Tore Steffensen, til Europower.

Han fortel at grunneigarane er skuffa. Striden om 420 kV-kraftlinja mellom Svelgen og Ålfoten har vart i mange år og vore oppe i rettsvesenet i mange omgangar. Byggearbeidet blei stoppa ein lang periode, medan rettsvesenet tok stilling til diverse stridsspørsmål under vegs. Striden kokte over då Ola Borten Moe (Sp) som statsråd flytta traseen frå Førdedalen til Myklebustdalen. Her blei lokale Sp-folk skulda for å ha utnytta partiboka for å vinne fordelar.

Også kommunerevisor Terje Førde i Bremanger blei skulda for å ha utnytta sin posisjon til å stoppe linja gjennom Førdedalen. 

For å bygge linja gjennom Myklebustdalen blei den lagt gjennom naturreservatet i Sørdalen, i strid med forskriftene for reservatet. På den andre sida eksisterte det allereie kraftlinjer og ein fylkesveg gjennom området.

Grunneigarane vann fram i lagmannsretten i 2014, og Statnett måtte stoppe bygginga. Men regjeringa endra forskriftene slik at det likevel skulle vere tillate å bygge kraftlinje i området. Det endra spelet og grunneigarane har no tapt striden mot den statlege goliat-motparten.

LES SAKER:

Artikkeltags