Fylket veks

BLIR FLEIRE: Det er hovudsakleg innvandrarar som sikrar overskotet, men det var også 42 fleire fødde enn døde det siste kvartalet i Sogn og Fjordane.

BLIR FLEIRE: Det er hovudsakleg innvandrarar som sikrar overskotet, men det var også 42 fleire fødde enn døde det siste kvartalet i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er blitt 302 fleire i Sogn og Fjordane i andre kvartal.

DEL

Folketalsveksten i Norge for 2. kvartal 2016 er no ute. Den viser at fylket har auka med 302 menneske. Det er Førde som har suverent størst vekst i Sogn og Fjordane med 88 og har no passert 13.000 menneske. Flora har også vekst med 9, men er framleis 25 personar frå å passere 12.000 menneske.

Det er Sogndal, Gulen og Lærdal som har størst nedgang i folketal siste kvartalet med høvesvis -26, -11 og -9, medan det er som sagt Førde (88), i tillegg til Stryn (34) og Eid (31) som har sterkast vekst.

Det er vert å merke seg at sjølv om Vågsøy også hadde folketalsvekst dette kvartalet (5) så gjekk Eid med sine 32 nye innbyggarar forbi kystbyen i Nordfjord.

Skal vi sjå på prosentvis folketalsvekst i høve til innbyggartalet så er det høvesvis Balestrand og Hyllestad som er «vinnarane» dette kvartalet. Hyllestad vart 18 fleire (1,28 prosent vekst) og Balestrand 17 fleire (1,32 prosent vekst). Førde som fekk 88 nye innbyggarar har prosentvis den same veksten som Gaular (0.68 prosent). Flyplassbygda sør for Førde vart 20 fleire i 2. kvartal.   

Lærdal og Gulen er taparane ut frå prosentvis tilbakegang i folketal med høvesvis 0.55 prosent og 0.46 prosent tilbakegang.

Bremanger ligg relativt i ro, og gjekk frå 3856 til 3855 innbyggarar det siste kvartalet, som er tilbakegang på 1.

Det er i hovudsak innvandring som sikrar veksten, men det vart 42 fleire fødde enn døde i Sogn og Fjordane i 2. kvartal.  

  •  Folketal første kvartalFøddeDødeFødselsoverskotInnflytte totaltInnflytte frå utlandetUtflytte totaltUtflytte frå utlandetNettoinnflyttingFolkevekstFolketal andre kvartal
    Heile landet522325615812953262801565215652836283627290135705236826
    Sogn og Fjordane10962328224042954462694106260302109925
    Flora119663022812248121161911975
    Gulen237335-21912283-9-112362
    Solund79025-394900-3787
    Hyllestad140711026108018181425
    Høyanger41498716450562894158
    Vik2692211-9351312023142706
    Balestrand129025-3413321620171307
    Leikanger231046-237713124222332
    Sogndal78393616201001714623-46-267813
    Aurland17805233111367-5-21778
    Lærdal216209-91241210-92153
    Årdal53481116-5642942222175365
    Luster50981111051829022225120
    Askvoll3030862298241573037
    Fjaler2818513-83032337-12817
    Gaular2929853391222017202949
    Jølster30215505836587003021
    Førde12915471631202711457578813003
    Naustdal2840954252210482848
    Bremanger3856910-129142900-13855
    Vågsøy6038171614811443456043
    Selje277759-4238170622779
    Eid602514122651336629316056
    Hornindal1194303140141031197
    Gloppen578918135511827324295818
    Stryn7187191457620471429347221

Artikkeltags