Vegvesenet åtvarar om glatte vegar: – Køyr forsiktig!

Regnbyer vaskar ut saltet, og strøbilane kjempar ein vanskeleg kamp.

DEL

FIRDA: Seint fredag kveld kom Vegtrafikksentralen Vest med ei åtvaring om svært glatte vegar på Vestlandet.

I meldinga fortel dei at regnbyer vaskar ut vegsaltet som strøbilane deira har lagt ut. Alle strøbilar skal vere ute, men vegtrafikksentralen skildrar det som ein evig kamp så lenge det regnar eller sluddar.

Til slutt kjem dei med oppfordringa til dei som ferdast på vegane: – køyr forsiktig og ver obs!

Oppfordringa til Vegvesenet er ikkje vanskeleg å forstå at er reell. Tidlegare fredag kveld vart det meldt av politiet at ein personbil hadde køyrt inn i ein bergingsbil som var i gong med eit bergingsoppdrag på fv. 616 i Bremanger. Her måtte ein ny bergingsbil sendast til staden.

Politiet melde då at det var svært glatt vegbane på staden.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags