To lastebilar fekk over 30.000 i bot

OVERLAST: To lastebilar fekk store bøter på grunn av overlast.

OVERLAST: To lastebilar fekk store bøter på grunn av overlast. Foto:

Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på fylkesveg 577 i Sørgulen i Bremanger.

DEL

Vegvesenet har fått tips om at det er stor slitasje på fylkesveg 577, som går mellom Myklebust i Bremanger og til Årebrot og Botnane.

Difor hadde dei kontroll av tungtransport på denne vegen onsdag.

Dei stansa to køyretøy, og begge fekk reaksjonar.

- Under kontrollen i Sørgulen vart to lastebilar stoppa, og begge hadde stor overlast,  fortel Ove Magne Garlid i Statens vegvesen.

- Det vart utsteda to gebyr på 36.000 og 36.400 kroner. For å bevare vegane våre, er det viktig at transportørar held seg innnanfor vektgrensene som er sett for norske vegar, seier Garlid.

Artikkeltags