– Barnehagen er eitt av våre viktigaste verktøy for å jamne ut sosiale forskjellar i samfunnet, seier statssekretær Hallvard Hølleland (Ap) i Kunnskapsdepartementet til Utdanningsnytt.

Regjeringa skal leggje fram ein ny nasjonal barnehagestrategi seinare i år, og mat og måltid er eitt av fleire tema som blir vurderte, seier Hølleland.

– Det har tradisjonelt ikkje vore nokon nasjonal politikk knytt til matservering i barnehagen, men vi ser jo at matserveringa både kan auke og redusere dei sosiale forskjellane, seier Hølleland.

– Enkelte stader er prisen no over 1000 kroner i månaden, andre stader under 200 kroner. Regjeringa vil vurdere ei sterkare regulering av matpengane, men også andre grep for å redusere dei store forskjellane vi ser mellom norske barnehagar, seier han.

Men kan ei regulering gje makspris på mat i alle barnehagar? Det fryktar Mehmet Kaan Inan, bystyrerepresentant for Høgre i Oslo.

– Dette luktar makspris lang veg. Det er ein veldig dårleg idé fordi makspris i praksis inneber at mange barnehagar må kutte i matbudsjettet og servere tusenvis av barn dårlegare mat. For å seie det enkelt, dette er kjip politikk, skriv Inan i ein e-post til Utdanningsnytt.

(©NPK)