− Eg ønsker å gi kommunen og befolkninga føreseielegheit rundt dei økonomiske rammene ved ein eventuell delingsprosess, før dei gjer si vurdering av om Kinn skal delast. Eg har i dag sendt brev til Kinn kommune med nærare informasjon om økonomiske konsekvensar ved ei eventuell deling av kommunen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ved ei eventuell deling vil Kinn kommune få dekt delar av eingongskostnadene som oppstår ved ei slik deling, med eit beløp på 15 millionar kroner.

Når det gjeld kva verknad ei eventuell deling vil ha på dei ordinære tilskota som ein får frå staten gjennom inntektssystemet, vil det ikkje vere mogleg å seie noko eksakt om sumeffekten av dette per i dag, seier departementet i pressemeldinga.

Ved ei deling vil Flora og Vågsøy få berekna rammetilskot etter gjeldande inntektssystem på delingstidspunktet, og per no er det ikkje mogleg å anslå storleiken på rammetilskotet til kommunane etter ei eventuell deling.

Samstundes vil Kinn kommune ved ei deling miste dei tilskota Kinn kommune har fått som følge av samanslåinga; regionsentertilskotet og inndelingstilskotet.

Å miste regionsentertilskotet vil bety eit inntektstap samanlikna med dagens Kinn kommune. Inndelingstilskotet er ein kompensasjon for bortfall av rammetilskot som følge av samanslåinga, og ved ei deling vil kommunane igjen få rammetilskot som to kommunar.

– Etter ei deling vil Flora og Vågsøy igjen få basistilskot som to kommunar, det vil seie at dei samla vil få eit høgare beløp gjennom basistilskotet som to kommunar enn den samanslåtte Kinn kommune mottar i dag, seier ministeren.

Storleiken på framtidig basistilskot vil bli behandla i samband med nytt inntektssystem for kommunesektoren. Etter dagens inntektssystem vil Vågsøy også kunne kvalifisere til distriktstilskot Sør-Norge, som dagens Kinn ikkje kvalifiserer til.

Her kan du lese brevet frå Sigbjørn Gjelsvik: Svar på brev fra Kinn kommune om dekning av kostnader ved eventuelldeling og om vedtak om håndtering av delingsspørsmål