Styret i JA til reversering av Kinn trur at stadig fleire ser at samanslåinga av Vågsøy og Flora var eit feilgrep. Difor vil dei ha ein meiningsmåling om saka.

– Kinn kommune blei til mot folkets vilje. Spesielt i Vågsøy var det eit klart fleirtal i folket mot samanslåinga. Kommunestyret i Vågsøy gjekk likevel, med svært knapt fleirtal, inn for samanslåing. I Flora blei det aldri halde folkerøysting om spørsmålet, skriv styret og styreleiar Fredrik Egeberg i ei pressemelding.

Større motstand?

– No har vi hatt denne kommunen i vel eit år, og det begynner å bli klart kor lite fornuftig og berekraftig denne kommunen er. Med så lite til felles og så store avstandar endar vi opp med alle ulempene og ingen av fordelane ei kommunesamanslåing bør bringe med seg, meiner dei.

Organisasjonen Ja til reversering av Kinn er rimeleg sikre på at fleire enn før, både i gamle Flora og Vågsøy, no meiner at samanslåinga var eit feilgrep.

– Mange som var positive til Kinn seier no at dei hadde stemt annleis dersom dei hadde visst det dei veit i dag. Men vi treng å dokumentere kva folkeviljen er. Både opp mot lokale og sentrale styresmakter, seier dei.

Styret meiner at når kommunestyret ikkje vil halde folkerøysting om saka, så må det gjerast gjennom ei meiningsmåling.

– Dette kostar pengar. Difor set vi i gang ei kronerulling, ein Spleis-kampanje, der målet er å samle inn 30.000 kroner for å få gjennomført ei grundig og representativ meiningsmåling. Vi håpar mange vil støtte opp og bidra med ein slant, seier styret.

Sei meininga di

Firdaposten har i dag publisert ei avstemming på nettavisa. Her kan alle som registrerer seg seie si meining om Kinn.

Ein treng ikkje vere abonnent for å stemme, men ein må registrere seg og logge seg inn. Dette er gratis.

Årsaka til at ein må registrere seg, er at Firdaposten då er sikra at kvar person berre stemmer ein gong, og vi får også postnummeret til den som har stemt.