– For å beskytte dei sårbare bestandane av den viktige laksen, og for å sikre mogleg laksefiske i framtida, er vi diverre nøydd til å avgrense årets fiske, seier Lovise Marie Vårhus, fungerande seksjonsleiar i fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Innstramminga skjer fjorten dagar før ordinær fisketid.

Tal frå Norsk institutt for naturforsking viser at lakseinnsiget kring Nordfjord i Vestland og Namfjorden i Trøndelag er om lag halvert samanlikna med gjennomsnittet i perioden 2016–2019. Det er med bakgrunn i denne informasjonen Miljødirektoratet vel å stramme inn laksefisket i desse områda.

Innstrammingen gjeld desse vassdraga:

Namsfjorden

  • Salvassdraget (inkl. Moelva)
  • Aursunda
  • Bogna
  • Namsen

Nordfjord

Gloppenelva

  • Hopselva i Hyen
  • Ryggelva
  • Åelva og Ommedalselva
  • Hjalma
  • Aursunda

(©NPK)