Gå til sidens hovedinnhold

Stans i helikoptertrafikken

Eit sjeldan vêrfenomen gjør at all helikoptertrafikk til og frå plattformene i Nordsjøen har stansa opp.

Det er fare for utladingar av statisk elektrisitet som kan skade helikoptera, melder E24.

Torsdag går det ingen helikopter ut frå Stavanger, Bergen og Florø. Det er fare for at all helikoptertrafikk vert lamma heile dagen. Det er nemleg strengare reglar for å flyge etter at det er blitt mørkt.

Det er vêrfenomenet som på flyspråket vert kalla «triggered lightning forhold» (HTI) som er årsaka til problema.

HTI oppstår på denne tida av året, og ein er spesielt utsett når det snør og temperaturen ligg rundt 0 grader. Helikoptera er konstruert for å tole slike utladingar, men ein unngår å fly under desse forholda.

Oppdatering:

Torsdag kveld klokka 19.30 er det framleis ingen helikopter som har tatt av, og reisande blir bedne om å følge med på heliport.no for når trafikken kjem i gang igjen.

Kommentarer til denne saken