På to ulike dagar i januar stal ein mann i 50-åra matvarer frå Eurospar Krokane i Florø varer for til saman 950 kroner.
For dette blei han meld, og påtalemakta meiner den passande reaksjonen er eit førelegg på 4500 kroner.
Eit førelegg er eit tilbod om å gjere opp straffesaka utan behandling i retten.
Om det ikkje er mogleg å krevje inn bota, blir det ni dagar i fengsel på mannen.