Gå til sidens hovedinnhold

Stadig fleire svindlar på forsikringa

Det er Finans Norge som er uroa over utviklinga.

I fjor var det ein markant auke i forsøk på forsikringssvindel samanlikna med tidlegare år, og særleg auka det innan bilforsikring, ifølgje Finans Norge.

– Totalt såg vi ein auke i avdekt svindel på 13 prosent i forhold til i 2019. Totaltalet for all svindel forsikringsbransjen avdekte i 2020, var på nesten ein halv milliard kroner, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge til NRK.

Dei fleste svindelforsøka vart avdekte innan bilforsikring, ifølgje Neverdal. Her var snittet på 120.000 kroner.

Dei største beløpa kom til syne på sjuke- og uføreforsikringar. Neverdal kan ikkje fastslå at dette nødvendigvis har samanheng med koronapandemien.

– Det er ikkje overraskande at svindeltala aukar. Vi ser at når det er dårlege tider for mange, så går svindeltala opp, seier ho.

Sjølv om det ikkje er ei spesifikk aldersgruppe som peikar seg ut, så er det fleire menn som prøver seg på forsikringssvindel enn kvinner. Og menn prøver seg òg på høgare beløp, ifølgje Finans Norge.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken