Gå til sidens hovedinnhold

Stadig fleire koronasmitta i Stad

Både laurdag og søndag blei det avdekt nye tilfelle av kornasmitte i Stad kommune. No blir skular stengde.

Søndag kveld kom det svar på dei siste 43 Covid-19-testane som vart tekne fredag og dei 28 prøvene som vart tekne av nærkontaktar i Selje laurdag.

Resultat søndag kveld viser at til saman fire personar i Selje har fått påvist covid-19 som nærkontaktar til tidlegare smitta i tre ulike husstandar. Desse var alle i karantene. To av dei smitta er born som går ved Leikvang barnehage og Stadlandet skule, men desse har ikkje vore i barnehage/skule i smittsam periode.

Dette melde Stad kommune søndag klokka 22.30.

Ved Selje skule fekk ein elev på 8. trinn og ein tilsett påvist smitte etter testing fredag. Elevar ved 10. trinn ved Selje skule vert definert som nærkontakter til den tilsette og vert sett i karantene søndag kveld og kalla inn til testing måndag. Husstandsmedlemmer vert sett i ventekarantene.

Laurdag blei det påvist ti smittetilfelle i Stad kommune etter at det hadde kome svar på 273 av 316 prøver tatt fredag.

På Nordfjordeid har ein nærkontakt testa positivt på andre test i karanteneperioden. Dette smittetilfellet er ikkje kopla til skule eller barnehage.

Stad kommune ber innbyggjarane ha svært låg terskel for å teste seg veg symptom på sjukdom. Over 70 personar har blitt smitta i utbrotet i kommunen.

Kommentarer til denne saken