Stadig fleire grunnstøytingar

Redningsskøyta Idar Ulstein

Redningsskøyta Idar Ulstein Foto:

Av

Redningsselskapet har til no hatt ein travel sommar med mykje aktivitet på sjøen. Stadig fleire båtførarar går på grunn, viser ferske tal frå Redningsselskapet.

DEL

– Vi ser at ein del går på godt merka skjær og grunner. Nokre av desse hendingane kunne nok vore unngått om fleire om bord følgte med på det som skjer framfor båten, seier direktør Hasse Lindmo for kommunikasjon og bærekraft i Redningsselskapet.

I perioden 1. mai til 14. juli auka talet på grunnstøytingar med heile 53 prosent.
Redningsselskapet har rykka ut til 181 hendingar så langt i år, samanlikna med 121 i same periode i fjor.

Totalt 52 redningsskøyter har til saman rykka ut på 2.576 oppdrag så langt i sommar. Både i mai og juni auka oppdragene med over 40 prosent. Auken var størst i Oslofjorden.

Antall hendingar med motorhavari eller tau i propellen har frå i fjor auka med 27 prosent til heile 1.456 hendingar så langt i sommar.

– Trass i veldig stor aktivitet til sjøs, har det ikkje vore fleire alvorlege ulykker enn normalt. Vi ser at båtfolket er flinke til å vise sjøvett, men den generelle oppdragsmengden går opp når det er fleire som bruker sjøen, seier Lindmo.

(©NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken