Gå til sidens hovedinnhold

Stadfesta smitte på Bergensbåten, ber passasjerar følge med på symptom

Det er Norled sjølv som melder frå:

– Norled har blitt informert om eit stadfesta tilfelle av covid-19 hos reisande på følgande strekning: Søndag 5. desember frå Bergen klokka 16.30 til Måløy, skriv reiarlaget i ei pressemelding.

Reiarlaget tilrår at passasjerar som var på båten på denne strekninga følger nøye med på eigne symptom, og har låg terskel for å teste seg.

Kommunikasjonssjef i Norled, Cathrine Gjertsen gir skryt til den som har fått påvist smitte for å ha gjort alt rett.

– Vedkommande har vore i eit reisefølge der alle har fått beskjed. Nærkontaktane er informert, og vedkommande har verkeleg tatt jobben med å informere på alvor.

– Det var den smitta sjølv som melde frå til Norled?

– Ja, det var det. Vi håper ikkje det er nokon andre som har blitt smitta, men det er jo ein relativt lang båttur. Vi veide litt fram og tilbake før vi bestemte oss for å gå ut med dette. Men vi tenkte det er betre å vere litt føre var. Det er betre å melde ifrå ein gang for mykje enn ein gong for lite, forklarar Gjertsen.

I tillegg til å følge med på eigne symptom viser Gjertsen til FHI sine retningslinjer.

Kommentarer til denne saken