Regjeringa snur om Stad skipstunnel - løyver 5 millionar 

Illustrasjon til porten til Stad skipstunnel Kjødepollen

Illustrasjon til porten til Stad skipstunnel Kjødepollen Foto:

OSLO: Då statsbudsjettet vart lagt fram nyleg, var skuffelsen stor for dei som håpa på pengar til skipstunnelen. Men no vert det likevel lagt inn eit mindre beløp til prosjektet.

DEL

Då statsbudsjettet vart lagt fram i starten av oktober var eit samla næringsliv på kysten svært skuffa. Det låg ikkje inne ei krone i oppstartsmidlar til Stad skipstunnel på neste års budsjett.

I etterkant av det har fleire opposisjonsparti krevd pengar til prosjektet. Senterpartiet vil løyve 20 millionar i 2020, mens Ap vil løyve sju millionar til neste år.

No kjem Venstre med nyheita om at ein likevel har fått inn nokre millionar til skipstunnelen i regjeringa sitt statsbudsjett.

- Venstre i Sogn og Fjordane og Vestland er særs nøgde med at vi har blitt lytta til, og at våre folk på Stortinget har fått på plass fem millionar kroner for å sikre framdrifta i arbeidet med Stad skipstunnel.

Det seier Jan Henrik Nygård, Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre og Gunhild Berge Stang, gruppeleiar for Venstre i Vestland fylkesting i ein kommentar til meldinga om pengarpå statsbudsjettet for 2020 til Stad Skipstunnel.

- Vestlandet har no tatt leiartrøya ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, innanfor ny grøn sjøtransport. Å få bygd Stad Skipstunnel er avgjerande for å gjere sjøtransport både av personar og gods trygt, stabilt og raskt i framtida. Når Venstre og regjeringspartia no har sikra midlar til vidare planlegging på statsbudsjettet i 2020, har vi klare forventingar om byggestart av Stad Skipstunnel i 2021 seier Venstre sine fylkestoppar iei pressemelding

Stad Skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innafor sjøtransport i Nasjonal Transportplan. Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og 36 meter brei. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2,7 milliardar kroner og er fullfinansiert i Nasjonal transportplan med føresett byggestart seinast i 2021.

Artikkeltags