Venstre, Arbeidarpartiet og Høgre er samde om følgjande fordeling av verv i Stad kommune:
Ordførar: Alfred Bjørlo (Venstre)
Varaordførar: Siri Sandvik (Arbeidarpartiet)
Høgre får éin fast plass i Formannskapet og leiarplass i eitt av hovudutvala etter nærare avtale mellom dei tre partia, skriv partia i ei pressemelding.
Venstre, Høgre og Ap har til saman 17 av 33 mandat i det nye kommunestyret i Stad, og dermed fleirtal (Venstre 11, Ap 4 og Høgre 2). Dei tre partia vil samarbeide for å sikre fleirtal i Formannskapet med fem av ni representantar (Venstre 3, Ap 1 og Høgre 1).
Parti-troikaen vil kome tilbake til øvrig konstituering på eit seinare tidspunkt. Partia er då også opptekne av å få til eit godt samarbeid med dei andre partia i det nye kommunestyret i Stad.
Stad kommune er ein ny kommune frå 1.1.2020 gjennom samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja i tidlegare Vågsøy kommune. Den nye kommunen får ca 9.500 innbyggjarar, og blir den fjerde største kommunen i "gamle" Sogn og Fjordane i det som no er Vestand fylke). .