Statistisk sentralbyrå (SSB) spår at arbeidsløysa vil auke som følgje av høgare renter. Torsdag er det duka for eit nytt rentemøte i Noregs Bank.

– Auka renter og auka prisar vil saman med nedgangen i internasjonal økonomi senke farten i norsk økonomi og bidra til auka arbeidsløyse, seier SSB-direktør Geir Axelsen til NTB.

Nyleg publiserte byrået ein ny prognose for neste år.

– Der legg vi til grunn ei renteheving på 0,5 prosentpoeng torsdag og 0,5 prosentpoeng til i haust. Vi trur Noregs Bank kjem til å gjere dette, seier Axelsen.

Fleire arbeidslause

Det vil føre til at arbeidsløysetala vil byrje å stige, meiner han.

– Vi trur det vil bli ein svak auke på slutten av året allereie, medan vi anslår arbeidsløysa vil bli 3,6 prosent i gjennomsnitt i 2023, seier han.

Arbeidsløysa er no på 3,2 prosent, eller om lag 95.000 personar, ifølgje SSBs tal. Dersom prognosen deira stemmer, betyr det vel 11.000 fleire arbeidslause til neste år.

Samtidig understrekar Axelsen at det heftar uvisse ved prognosane.

– Den største usikkerheitsfaktoren er nok utviklinga i straum- og gassprisane framover. Vi trur prisane blir lågare frå andre kvartal i 2023. Då vil inflasjonen byrje å falle, noko som kan føre til at Noregs Bank senkar renta igjen, seier SSB-direktøren.

Uklart mål

Den siste tida har det vore mykje debatt om kva som bør vere styrande for Noregs Bank i pengepolitikken.

I eit innlegg i Aftenposten onsdag spør SSB-forskarane Thomas von Brasch og Pål Sletten kva som eigentleg er det overordna målet for Noregs Bank – å stabilisere pengeverdien (unngå høg inflasjon) eller sikre stabil sysselsetjing.

– Det er forundringsverdig uklart når ein les Sentralbankloven og forarbeida til lova, skriv dei to forskarane.

Dette er ein del av bakteppet for at LOs sjeføkonom Roger Bjørnstad har oppmoda finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til å kalle inn sentralbanksjef Ida Wolden Bache for å klargjere korleis ho tolkar mandatet frå sentralbanken.

Bjørnstad fryktar at tolkinga til banken av oppdraget og av økonomien kan føre til for høg rente slik at fleire blir arbeidsledige.

Finansdepartementet svarer ikkje direkte på NTBs spørsmål om det er aktuelt å kalle inn sentralbanksjefen, men statssekretær Erlend Grimstad (Sp) seier at det er behov for eit visst skjønn.

– Eg har full tillit til Noregs Banks utøving av pengepolitikken og har stor respekt for betydninga av at vi har ein uavhengig sentralbank, seier han.

Krevjande balansegang

Axelsen meiner på si side at Noregs Bank står i ein krevjande balansegang, til liks med andre sentralbankar.

– I den situasjonen vi står oppe i akkurat no, er arbeidsløysa på svært lågt nivå, medan inflasjonen er svært høg. Då er det ikkje overraskande at Noregs Bank fokuserer på inflasjonen, seier han.

– Men kor mykje meir skal renta opp, og kor raskt? Det er det store spørsmålet. Og der ligg det ein fare for at arbeidsløysa kan auke. Og det bør tale for at Noregs Bank bør følgje utviklinga på arbeidsmarknaden nøye, seier SSB-direktøren.

(©NPK)