Gå til sidens hovedinnhold

Sprengingsuhell ved Nesholmen – vegen blir stengd i fleire dagar

(Firda)

I samband med utviding av vegen forbi Høgemurane, mellom Eimhjellen og Nesholmen, tok ei sprenglading med seg ein stor del av skjeringa, som losna og velta fram i vegen. Høgemurane ligg på strekninga mellom avkøyringa til Eimhjellen og Nesholmen.

Det skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding tidleg onsdag føremiddag.

– Vi må også sjå på moglegheiter for alternativ transport, for det er ikkje sannsynleg at vegen vert opna denne veka. Det er heller ikkje mogleg å gå gjennom området, seier byggeleiar Jørn Inge Grytten.

– Det ligg ganske mange store blokker laust på toppen av skjeringa. Det blir mykje arbeid å få desse vekk på ein sikker måte, seier Grytten.

Han jobbar no med å få ei oversikt over omfanget og skadane på vegen.

Ingen vart skadde i sprenginga.

Firda kjem tilbake med meir.


Kommentarer til denne saken