Det er ein sur og kald kveld i Florø. Det hindrar ikkje ei gruppe på rundt 20, frammøtt ved Flora ungdomsskule, i å legge ut på tur langs vatna i Florø sentrum. Barn og barnebarn spring framfor, plukkar opp kvistar og steinar medan dei utålmodig ventar på resten. Bak kjem det gåande ei god blanding av frivillige i Røde Kors og innvandrarar frå invandrarsenteret.

— I dag starta vi treninga til "Til Topps 2015", årets sprekaste integreringsarrangement, der det frivillige og fleirkulturelle Norge går samla til toppen Norges høgste fjell, Galdhøpiggen, seier frivilligkoordinator i Flora kommune, Bente Nilsen.

2469 m.o.h.

"Til Topps" er eit samarbeid mellom IMID, Røde Kors, Den Norske Turforeining og KS (kommunane sin interesseorganisasjon). Målet er integrering og å bygge nettverk lokalt, mellom innvandrarar og lokale, med å arrangere lavterskelturar før reisa går vidare til toppen av Norge, 2469 meter over havet.

— Vi må starte litt roleg. I kveld er det rundt Storevatnet, dei neste gongane går turane til Kystmuseet, stifinning i Storåsen, Brandsøyåsen og Uførefjellet. Kvar gong har vi med litt enkel turmat, tek ein kopp kaffi og pratar, seier Nilsen.

— 5. juni reiser vi til topps med forhåpentlegvis full buss!

Søsken til topps

Systrene Astur (17) og Malyoon (14) Mohamed frå Somalia har meldt seg på toppturen. Dei kom til Florø i august 2014.

— Vi trenar til vanleg, men går sjeldan på fjelltur, seier Astur, og bretter opp skjørtekanten medan ho går gjennom den vesle skogen ved Lillevatnet.

— Det går mest i fotball og handball, seier veslesyster Malyoon.

Langs vatnet får dei to jentene testa det norske språket sitt på fleire av dei frammøtte frivillige.

— Skal ein lære språk er det og viktig å få øve seg med nordmenn. To timar med norskundervisning om dagen er litt for lite til å lære seg eit heilt nytt språk, seier Nilsen.

Alle skal med

Gruppa skal gå på skogsvei, i terrenget og på fjellet. Og dei skal gå tur i all slags vêr.

— Eit år hadde vi med ein som ikkje kunne skjønne kvifor vi skulle opp på ein topp for å snu! Då han stod på toppen av Galdhøpiggen trur eg han skjønte kvifor, ler Nilsen.

— Det er lagt opp til at alle kan vere med. Og ønsker ein å stå oppført som frivillig er det bare å ta kontakt med meg. Det er noko for ein kvar; besøksvener for eldre, flyktningsvener eller berre gode turkameratar! avsluttar Nilsen.