- Regjeringa bryt mållova

Karl Peder Mork. Foto: Norsk Målungdom

Karl Peder Mork. Foto: Norsk Målungdom

Artikkelen er over 5 år gammel

I desember fekk Regjeringa nye nettsider, og med det forsvann nynorsken frå nettstaden. No krev Norsk Målungdom svar på kvifor nynorsken er forkasta.

DEL

I desember fekk Regjeringa nye nettsider. I språkvalet på Regjeringen.no kan du velje mellom engelsk, samisk – og norsk. Men norsk betyr berre bokmål.

– Nynorskdumping, seier leiaren i Norsk Målungom, Karl Peder Mork.

På den nye nettsida kan ein velje både samisk og engelsk versjon av innhaldet. Men om ein går i språkvalet og trykkjer «norsk» kjem ein berre til bokmålsversjonen.

Noregs Mållag påpeika feilen i desember, men framleis kjem ein berre inn på bokmålsinnhaldet. Det har leiaren i Norsk Målungdom, Karl Peder Mork, fått nok av. Målungdomen har i dag sendt brev til Departementas sørvisorganisasjon om saka.

Brot på Mållova

– Ifølge Mållova skal nettsidene vere på både bokmål og nynorsk, eller det skal vere reine nynorsk- og bokmålsversjonar av nettsidene. No har det gått ein månads tid utan at regjeringa har nynorske nettsider. Det er brot på mållova, seier han.

Målungdomsleiaren meiner at regjeringa har brukt for lang tid til å få opp nynorske nettsider.

– Nynorskbrukarar har same retten til å ha ein regjering som bruker språket deira som det bokmålsbrukarar har, seier Mork.

– Men det er ein nedgradering av nynorsken å late nynorskbrukarane vente ein månad lengre enn alle andre.

Mållova seier i § 8 at tilfang som tener heile landet skal «veksle mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei». Regjeringa sine nettsider skal følgje dette regelverket.

Medviten språkpolitikk?

– Heilt sidan dei nye nettsidene blei sleppte har eg ikkje sett at ein gjer det. Når det går så lang tid er eg redd vi er vitne til medviten språkpolitikk. Uansett må Regjeringa ta ansvar og forklare kva som skjer, seier Mork.

Mork seier at Mållova er meir enn berre lovverk, og at prinsippa i lova handlar om mangfald og identitet, og meiner regjeringa har trakka på nynorskbrukarane.

– Språket ditt er knytta til identiteten din. Mange av dei utfordringane ein møter i språksaker, som at folk legg av seg dialekta si eller nynorsken, handlar om synleggjering. Når ein berre har bokmålsnettsider med eit lovverk som krev både nynorsk og bokmål, seier ein at nynorsken ikkje er like viktig som bokmålet. Då trakkar ein på brukarane av det språket ein vel bort, avsluttar han.

Artikkeltags